Søknadsfrist: 20 februar 2022
NVE søkjer anleggsleiar til region vest
Er DU vår nye anleggsleiar?
Denne artikkelen ble publisert for over 2 år siden.
SVAN (NVE anlegg) utfører i hovudsak oppdrag retta mot sikring mot erosjon og flaum, miljøtiltak i vassdrag, tersklar og tørrmurer. SVAN har gjennom mange år bygd opp betydeleg kompetanse når det gjeld bygging i og ved vatn.
Anleggseiningane er ein sentral del av NVEs beredskapsorganisasjon og skal hjelpa og kunne gi råd i beredskapssituasjonar. Maskinparken er moderne og tilpassa denne typen oppdrag.
Erfaring frå ulike beredskapshendingar og dagleg drift på anlegg bidrar til å halda oppe og vidareutvikla den vassdragstekniske spisskompetansen i NVE.
Vi søkjer no ein anleggsleiar som skal bidra til sikker, effektiv og kvalitetsmessig god utføring av anlegga.
Du vil utøva anleggsleiing av eigne og innleidde ressursar og samtidig bidra til opplæring av eksterne innanfor vassdragsteknisk utføring. Du vil ha ansvaret for den daglege drifta av eininga di ved Region Vest som omfattar Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal fylke. Arbeid ved dei andre anleggseiningane må påreknast. Du vil og vere ein del av eit team i SVAN som skal samarbeida og utvikla seksjonen for oppgåver i framtida.
Stillinga medfører reiseaktivitet på grunn av varierande arbeidsstader. Antall reisedøgn i året er ca. 60. Arbeidsstad vil vere ved NVE sitt regionskontor i Førde.
SVAN er ein eigen seksjon i skred- og vassdragsavdelinga i NVE og er i dag lokalisert på Hamar, Førde, Trondheim og Narvik.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og koordinering av anleggsdrifta
- Anleggsleiing med eigne ressursar og innleidde entreprenørar
- Bistå til eigen, intern og ekstern kompetanseheving innan fagfeltet
- Økonomistyring
- Innkjøp av varer, utstyr og tenester
- Kalkulasjon og anbodsrekning
- Kvalitetssikring og HMS
- Kontroll og oppfølging av utført arbeid, sjå til at pålegg rundt HMS, rutinar og regelverk blir følgt
- Befaringer og aktivitet i ulendt terreng
- Samhandling med grunneigarar, innleidde ressursar, kommunetilsette og andre
- Være ein del av NVEs beredskapsoppsett og må rekne med å gå inn i krisesituasjonar
- Stillinga medfører ein del reiseverksemd
Kvalifikasjonar
- Bachelor utdanning frå ingeniørhøgskule innan anleggsfaget, eventuelt teknisk fagskule innan anlegg saman med relevant praksis.
- Erfaring frå anleggsleiing / byggjeleiing
- Erfaring frå prosjektleiing og økonomioppfølging
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad for stillinga
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Handlekraftig og vedtaksfør
- Målrettet og initiativrik
- Strukturert og systematisk
- Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Gode samarbeidsevner
- Det vert lagt stor vekt på at søkjaren er personleg eigna
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Livsfaseorientert personalpolitikk
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) som mellom anna gir gode lånevilkår
- Stillinga vert lønna innan spennet kr 700 000 - kr 850 000 pr år i stillingskode overingeniør/senioringeniør (1087/1181). For særs godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønn er avhengig av kvalifikasjonar. Pensjonsinnskot vert trekt frå lønna etter gjeldande reglar.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse våre oppgåver betre. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssing i jobbsøkarportalen gir grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å verte vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.
Om du ynskjer å reservere deg frå offentleg søkarliste, må dette grunngievast. Opplysing om søkaren kan verte offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje verte ført opp på lista. Om reservasjonsønske ikkje vert teke til følgje vil søkaren verte varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma.Ved behov kan det verte gjennomført ein referansesjekk av kandidat(ar) som vert innstilt. Dette betyr dokument- og kjeldekontroll får å verifisere opphav og gildskap (m.a. det som vert oppgjeve i CV eller dokument som vert lagt ved.
Klikk her for å søke: