Søknadsfrist: 22.05.2022

NVE Anlegg SVAN, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) søkjer Arbeidsleiar/maskinførar

Er DU vår nye arbeidsleiar/maskinførar?

Fakta om firmaet:

Fakta om firmaet:

NVE forvaltar Noregs vass- og energiressursar til det beste for samfunnet. Vi sørger for at straumen blir levert, vi overvakar og varslar naturfare, vi held tilsyn med kraftbransjen, vi utviklar regelverk, vi behandlar søknader om konsesjonar knytt til vatn og fornybar energi og vi sikrar busetnad mot naturfare. Forsking og internasjonalt utviklings­samarbeid er også viktige arbeidsområde for oss, i tillegg til at vi er nasjonal faginstitusjon for hydrologi.

NVE har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervaking på Stranda og i Kåfjord. Til saman er vi 600 tilsette med tverrfagleg kompetanse. NVE er eit direktorat underlagt Olje- og energidepartementet.

Kontakt: Magne Fjeldheim

Stilling: Seksjonssjef

Tlf: 94 78 55 58

Kontakt: Øystein Menes

Stilling: Anleggsleiar

Tlf: 95 26 46 00

Kontakt: Kathrine Berg Nilsen

Stilling: HR-kontakt

Tlf: 41 33 21 65

SVAN (NVE anlegg) utfører i hovudsak oppdrag retta med sikring mot erosjon og flaum, miljøtiltak i vassdrag, bygging av tersklar og tørrmurar.
SVAN har gjennom mange år bygd opp omfattande kompetanse når det gjeld bygging i og ved vatn. Anleggseiningane er ein sentral del av NVE sin beredskapsorganisasjon og skal yte hjelp og kunne gje råd i beredskapssituasjonar.
Maskinparken er moderne og tilpassa denne typen oppdrag. Erfaring frå ulike beredskapshendingar og dagleg drift på anlegg er med på å oppretthalde og vidareutvikle den vassdragstekniske spisskompetansen i NVE.

Vi søkjer ein arbeidsleiar/maskinførar som skal bidra til sikker og effektiv gjennomføring og vidare sikre god kvalitet på utføring av anlegga. Du vil utøve anleggsleiing av eigne og innleigde ressursar og samtstundes bidra til opplæring innanfor vassdragsteknisk utføring. Du vil ha ansvar for den daglege drifta av eigne anlegg. Arbeid ved dei andre anleggseiningane i Noreg må reknast med. Stillinga fører med seg reiseaktivitet av noko omfang på grunn av ulike arbeidsstader, fortrinnsvis i Region vest (Møre og Romsdal og Vestland fylke).

SVAN er eigen seksjon i skred- og vassdragsavdelinga i NVE og er i dag lokalisert på Hamar, i Førde, Trondheim og Narvik.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsleiar står for den prosjektspesifikke oppfølginga av prosjekta i høve planlegging og framdrift og skal kontrollere den daglege drifta. Vidare sørge for effektivitet i arbeidet og bidra til kontinuerleg forbetring i prosjektgjennomføringa. Dette omfattar også deltaking i aktuelle møter.
  • Følge opp og nå mål i samsvar med strategi, framdrift, HMS, kvalitet og ytre miljø og sørge for at dette vert etterlevd av personell ute i prosjekta, også for innleigde underentreprenørar.
  • Arbeidsleiar skal til ei kvar tid følge vedtekne rutinar, lover og forskrifter.
  • Sørge for oppdatering av kvalitet styringsprogram (Holteportalen).
  • Arbeidsleiar rapporterer til anleggsleiar.
  • Vere ein del av NVE sitt beredskapsoppsett og må kunne vere disponibel i krisesituasjonar.
  • Arbeidsleiar er ansvarleg for utføring av sikringsoppdrag og har den daglege drifta av byggeplassen. Det må i periodar samarbeidast nært med byggherresida.
  • Arbeidsleiar må rekne med å køyre gravemaskin i einskilde periodar.
  • Tal reisedøgn i året: Arbeidet består av anleggsdrift og ein må rekne med å være borte frå heimen i periodar.
  • Arbeidet kan medføre arbeid og bevegelse i ulendt og fysisk krevjande terreng

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev maskinførar.
  • Mellomleiarskulen eller tilsvarande.
  • Om lang erfaring og praksis innan fagfeltet kan dokumenterast, vil dette kunne erstatte krav til utdanning.
  • Dokumentert erfaring med leiing av og gjennomføring av prosjekt.
  • Erfaring frå og bruk av HMS og KS system.
  • Førarkort klasse B.

I tillegg vil det være fordelaktig med:

  • Kjennskap til vassdragsrelaterte oppgåver

Personlege eigenskaper

  • Handlekraftig, ha evne til å ta avgjerd og vere initiativrik.
  • Strukturert og systematisk.
  • Evne til å bidra til et godt arbeidsmiljø.
  • Gode samarbeidsevner.

Det vil bli lagt stor vekt på kor personleg eigna du er til stillinga.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Livsfaseorientert personalpolitikk
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) som blant anna gir gode lånevilkår
  • Stilinga vert lønna innan spennet kr 500.000 – 650. 000 i stillingskode som arbeidsleiar (1118). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Endeleg lønsplassering vil avhenge av kvalifikasjonar. Pensjonsinnskot vert trekt frå lønna etter gjeldande reglar.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse våre oppgåver betre. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn.
Avkryssing i jobbsøkarportalen gir grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å verte vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.

Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden. Om du ynskjer å reservere deg frå offentleg søkarliste, må dette grunngievast. Opplysing om søkaren kan verte offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje verte ført opp på lista. Om reservasjonsønske ikkje vert teke til følgje vil søkaren verte varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma. Ved behov kan det verte gjennomført ein referansesjekk av kandidat(ar) som vert innstilt. Dette betyr dokument- og kjeldekontroll får å verifisere opphav og gildskap (m.a. det som vert oppgjeve i CV eller dokument som vert lagt ved.

Powered by Labrador CMS