Søknadsfrist: 28.11.2021
NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS søker maskinfører
NGIR søkjer etter initiativrik maskinførar med stor arbeidskapasitet !
Denne artikkelen ble publisert for over 2 år siden.
NGIR ser etter ein positiv og pliktoppfyllande maskinførar, som ønskjer 100 % fast stilling i eit spanande selskap i vekst.
Vår nye maskinførar blir tilsett i vår driftsavdeling, som held til i Kjevikdalen.
Vi treng deg som kan handtere maskiner på ein trygg og god måte i ein maskinpark med mellom anna, sorterings-maskin, hjullastar og gravemaskin.
Vår nye kollega må ha på plass maskinførarbevis eller ha fagbrev som maskinførar. Har du
truckførarbevis er det eit pluss, men ikkje eit krav. Det er ein fordel om du har erfaring med køyring av anleggsmaskiner.
Vi ønskjer ein initiativrik ja-person som ønskjer å lære, og ikkje minst liker nye utfordringar. Du har evna til å jobbe godt både sjølvstendig og saman med andre, og er ikkje redd for å ta i et tak. Hos oss vert du ein del av eit positivt fellesskap.
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
- Køyring av anleggsmaskiner på NGIR sitt anlegg i Kjevikdalen.
- Vedlikehald av maskiner og utstyr.
- Utføring av avfallskontroll.
Vi ønskjer at du:
- Har maskinførarbevis.
- Er presis og god på samarbeid.
- Er fleksibel og liker å halda orden.
- Er sjølvstendig og effektiv.
- Taklar hektiske periodar.
- Er glad i fysisk arbeid.
- Kan norsk skriftleg og munnleg.
- Har noko datakunnskap.
- Er god på kundehandsaming.
Vi tilbyr deg:
- Fast 100 % stilling.
- Ordna løns- og pensjonsordningar.
- Gode moglegheiter til å utvikla deg.
- Bra materiell.
- God opplæring - og oppfylging.
- Godt arbeidsmiljø
Det vert lagd stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.
Oppstart snarast, og helst innan 01.01.2022.
Ønskjer du ein spennande, variert og utfordrande jobb, ønskjer vi deg med på laget!
Har du spørsmål om stillinga? Ikkje nøl med å ring avdelingsleiar for utedrift, Olav Aase (tlf. 957 56 640) eller maskinførar/assisterande avdelingsleiar for utedrift, Oddvin Steinestø (tlf. 908 14 918).
Søknad og CV sendast via linken: https://www.finn.no/job/apply?adId=238394640
eller til: NGIR, Lindåsvegen 1260, 5956 HUNDVIN merka "Maskinførar".