Søknadsfrist: Snarest

Hole Maskiner AS søker lastebilsjåfør/anleggsarbeidar

Har du erfaring innan anlegg? Sjå her for spennande muligheter!

Hole Maskiner AS søkjer folk!

Fakta om firmaet:

Fakta om firmaet:

Kven er vi?

Hole Maskiner AS er ein leiande maskinentreprenør på Sunnmøre med base i Velledalen i Sykkylven kommune. Gjennom over 70 år har vi dreve med anleggsarbeid rundt om på Sunnmøre, og vi har heilt frå starten levert på kvalitet og service.

Kva gjer vi?

Vi tilbyr komplette løysinger for grunnarbeid for privat- og bedriftsmarkedet. I tillegg tek vi på oss større oppdrag for stat og kommune. Ikkje noko oppdrag er for stort eller for lite. Har du ein idè? Ta kontakt, så finn vi ei løysing saman.

Kontaktperson: Norman Hole

Stillingstittel: Daglig Leiar

Mobil: 918 63 005

Vi er i vekst, og treng difor nye, dyktige medarbeidarar til fleire ulike stillingar. Vi søkjer no med denne etter lastebilsjåfør/anleggsarbeidar.

Vi har kundar rundt om på heile Sunnmøre, og jobbar med mange ulike og spennande prosjekt. Blant anna held vi no på med restaurering av verneverdige Flåbrua i Geiranger, grunnarbeid til nye Rørstadmarka Barneskule, vei- og VA-anlegg i Meieridalen i Sykkylven og vi skal straks igang med grunnarbeidet på nye sentrumsskulen i Sykkylven.

Vi satsar på bruk av ny teknologi, og er leiande innan blant anna bruk av GPS for maskinstyring og prosjekteringsarbeid. Vi har den nyaste teknologien innan GeoScanning og er leiiande i Noreg på dette området. Som arbeidar for oss får du moglegheit til å nytte deg av ny og spennande teknologi i anleggsarbeidet.

Vi har brøytekontrakt frå Aursnes i Sykkylven til Hellesylt på Stranda (Fylkesveg 60), med tilstøytande veger, så brøyteskift må påreknast for lastebilsjåførar.

Ønska kvalifikasjonar:

Dersom du søkjer på lastebilsjåfør/anleggsarbeidar må du ha lastebilsertifikat (CE) og gyldig YSK, samt erfaring frå anleggsarbeid og tippkøyring. Det er også ynskjeleg med erfaring for dei som søkjer gravemaskinsjåfør eller anleggsarbeidar, men for den rette kandidaten kan vi tilby fagbrev. Vi ønskjer i tillegg at du er sjølvstendig og løysningsorientert, samt har gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø i eit ungt og ekspansivt miljø
  • Unik moglegheit til å utvikle deg
  • Ordna arbeidsforhold
  • Konkurransedyktig løn og svært gode arbeidsbetingelsar. Blant anna har vi ei omfattande forsikringsordning for dei ansatte.
  • Fleksible arbeidsmoglegheiter
  • Mobil

Ser dette interessant ut? Søk i dag!

Vi vurderer kandidatar fortløpande, og oppfordrar alle til å søke.

Tilsetting snarast.

Legg ved CV, søknad på maks ei side og relevante dokument samla i ei PDF-fil på e-post eller her på Finn. Ha gjerne referansar klar.

Klikk her for å søke: https://www.finn.no/job/apply?adId=234550382

Powered by Labrador CMS