Søknadsfrist: 28 Februar 2021
Green Yard Kleven søker maskinfører gravemaskin med stålsaks
Er DU vår nye maskinfører?
Denne artikkelen ble publisert for over 2 år siden.
I forbindelse med vår nysatsing innan resirkulering av skip, søker vi deg som har god erfaring innan maskinell riving. Arbeidsdagen vil omfatte maskinelle rivearbeid innan gitte krav til HMS, kvalitet og tid.
Hovudoppgåva vil vere seksjonering og klipping av alt frå store skipsskrog til mindre stålmodular, samt vere ein viktig bidragsytar når det gjeld utvikling og effektivisering av dette arbeidet.
Som maskinførar vil du bli ein del av Green Yard Kleven si transportavdeling - eit team beståande av dyktige medarbeidarar innan kran, hjullastar og truckkøyring. Det er forventa at du i perioder kan ta andre oppgåver innan denne avdelinga.
Hovudarbeidsstad er Green Yard Kleven i Ulsteinvik.
Arbeidsoppgåver:
Maskinelle rivearbeid med gravemaskin og stålsaks.
Sortering og handtering av stålskrap, samt lasting av båt ved kai.
Dagleg inspeksjon og vedlikehald av maskin og utstyr.
Andre oppgåver innan transportavdelinga.
Kvalifikasjoner:
Du må ha minst 2 års erfaring frå rivearbeid med større utstyr (kjørt maskiner fra 50 tonn eller større).
Maskinførarbevis M2, og gjerne fagbrev som anleggsmaskinførar.
Det er ønskeleg at du har andre maskinførarbevis som M4 (hjullastar), T4 (truck), T8 (stortruck), G1-G3 (kran).
Beherske norsk og/eller engelsk, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar:
Du jobbar systematisk og effektivt.
Du er initiativrik og sjølvgåande.
Løysingsorientert.
Som person er du samarbeidsvillig og trivast med å jobbe i team.
Vi tilbyr:
Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Moglegheit til å jobbe med trivelege og fagleg dyktige kollegaer
Godt og inkluderande arbeidsmiljø
Spanande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar
Spørsmål / søknad:
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med Karl-Erik Sæbønes påtelefon 41 56 55 73 eller 70 01 91 00. E-post: karl-erik.sabones@kleven.no
Send søknad med CV til: kleven-hr@kleven.no
Vi håpar vi vil vere ein attraktiv arbeidsplass for vår nye maskinfører gravemaskin.